Vi er glade for å ønske deg velkomen tilbake til Stranda vgs. etter ein lang sommerferie. Vi gler oss til videre å legge tilhøva til rette for deg for god læring slik at du kan fortsette å utvikle deg både fagleg og sosialt. Ei fortsatt positiv innstilling til å lære, til å tileigne deg kunnskap og gode haldningar er gode føresetnader som er med på å gjere opplevinga av skulekvardagen meiningsfull og viktig både for deg og dine medelevar.
Skulestart er måndag 19.08 kl.08.30. Alle elevar møter i Aulaen i 2. etasje kl.08.30.
Denne dagen møter du kontaktlæraren din, og vil få mykje informasjon om skulen, timeplan, fag, fagdagar osb. Du vil også få helse på dei ulike faglærarane
Måndag blir det servert brunch i kantina for alle elevar på vg2 og vg3 kl.11.00
Tysdag og onsdag blir det undervisning etter ordinær timeplan
Torsdag blir det tur over Ljøbrekka med moglege avstikkarar til Båsenibba og Sætrenibba
Fredag blir det fagdag