Vi er glade for å ønske deg velkomen som elev ved Stranda vgs. Vi gler oss til å legge tilhøva til rette for deg for god læring slik at du kan utvikle deg både fagleg og sosialt. I møtet med ny skule er det viktig at du møter med ei positiv innstilling til å lære, til å tileigne deg kunnskap og gode haldningar. Dette er føresetnader som er med på å gjere opplevinga av skulekvardagen meiningsfull og viktig både for deg og dine medelevar. Stranda vgs er ein skule med mange moglegheiter, vi har rom for alle og blikk for den enkelte.
Skulestart er måndag 19.08 kl.08.30. Alle elevar møter i Aulaen i 2. etasje kl.08.30.
Denne dagen møter du kontaktlæraren din, og vil få mykje informasjon om skulen, timeplan, fag, fagdagar osb. Du vil også få helse på dei ulike faglærarane dine.
Måndag blir det servert brunch i kantina for alle Vg1 elevar kl.10.00
Tysdag og onsdag blir det undervisning etter ordinær timeplan
Torsdag og fredag blir det overnattingstur til Fjellsætra Ungdomssenter
Camp Fjellsætra- oppstartstur for Vg1-24.docx