Invitasjon til foreldremøte for 10.klasseforeldre på Storfjord kulturhus

Stranda vidaregåande skule inviterer alle føresette og elevar i 10. klasse frå Fjord, Stranda og Sykkylven til informasjonsmøte på Storfjord kulturhus.

Tid:
Tysdag 27. januar kl. 18.00–19.00

Stad:
Storfjord kulturhus

Vi oppmodar alle om å møte fysisk, men møtet blir også streama.

Tema for møtet

  • Stranda vgs: Vegen vidare, framtidas Stranda vgs
  • Presentasjon av utdanningstilboda ved Stranda vidaregåande skule
  • Informasjon om vårt nye tilbod: bedriftsmodellen

Opning av møtet:
Ordførarane i Stranda kommune Einar Arve Nordang og i Fjord kommune Terese Jemtegård Moen

Møtet er meint å gi føresette og elevar trygg og relevant informasjon som kan støtte dem i valet av vidaregåande opplæring, det blir også mogleg å stille spørsmål.

Velkommen skal du vere!

 

Med helsing

Tove Lersveen, rektor
Stranda vidaregåande skule