Infomøte i Stranda om skolehøyringMøre og Romsdal fylkeskommune inviterer til ope informasjonsmøte på Stranda vidaregåande skule måndag 19. mai.Tid: Måndag 19. mai kl. 18:00-19:30Stad: Stranda vidaregåande skuleKompetanse- og næringsdirektør Erik Brekken kjem for å informere om prosessen fram mot eit politisk vedtak om ny skole- og tilbodsstruktur for vidaregåande opplæring 2026-2040.Måndag 2. juni blir kunnskapsgrunnlaget til saka opna for høyring. Grunnlaget vil bestå av eit høyringsdokument med ei foreløpig tilråding, samt fem delrapportar som tar føre seg:Elevtalsutvikling, kompetansebehov og tilbodKvalitet i opplæringDriftskostnad og investeringsbehov skolebyggSkoleskyssØkonomiHøyringsfrist er 1. september. Alle som vil kan delta i høyringa. Etter at innspela er mottatt, startar arbeidet med å lage saka som skal munne ut i ei endeleg innstilling frå fylkeskommunedirektøren. Den politiske saka og innstillinga vil vere klar i oktober/november.Det var fylkestinget som i desember 2024 vedtok at fylkeskommunedirektøren lagar eit kunnskapsgrunnlag for eit vedtak om framtidig skole- og tilbodsstruktur. Saka blir avgjort av fylkestinget 9.-10. desember.På nettsidene til Møre og Romsdal fylkeskommune er det laga ei samleside med informasjon om ny skole- og tilbodsstruktur.Du finn innhaldet ved å følge lenka eller skrive inn adressa mrfylke.no/skolestruktur i nettlesaren.