Hospitering 12. og 13. november
Stranda vidaregåande skule ønskjer 10.-klassingar frå Sykkylven, Stranda og Fjord kommunar velkomne til hospitering torsdag 13. og fredag 14. november.
Hospitantane har valt seg eitt programområde – naturbruk, helse- og oppvekstfag, studiespesialisering eller idrett – som dei får følgje denne dagen.
Elevane vil òg få informasjon om nye tilbod, som bedriftsmodellen og internasjonalisering.
Dei som hospiterer på idrett må ta med gymkle for aktivitet i Strandahallen og dei som skal hospitere på naturbruk må ha med varme kle for å ha aktivitet ute.
Plan for dagen:
- 08.30–09.00: Felles samling i aulaen – generell informasjon og plan for dagen
- 09.00–09.15: Fruktpause
- 09.15–11.00: Hospitering på programområda (informasjon og aktivitet)
- 11.00–11.30: Lunsj i kantina (baguette og drikke)
- 11.30–13.15: Vidare aktivitet på programområda
- 13.15–13.45: Bedrifter som er med i bedriftsmodellen har stands i aulaen
- 13.45–14.00: Elevinnslag og avslutning
Velkomen til hospitering på Stranda vgs – «ein god stad å vere, ein god stad å lære»