Elevundersøkinga hausten 2026

Elevundersøkinga 2026 vil bli gjennomført i perioden 01. november til 10. november på Stranda vgs.

Elevundersøkinga er ei nasjonal undersøking i regi av Utdanningsdirektoratet, som blir gjennomført på ulike trinn gjennom skuleløpet. Undersøkinga er anonym og blir gjennomført digitalt.

Undersøkinga er tilgjengeleg på fleire språk, og elevane kan få spørsmåla lesne opp.

Formålet med Elevundersøkinga

Formålet med Elevundersøkinga er at elevane skal få seie meininga si om læring og trivsel på skulen.

Resultata frå undersøkinga blir ikkje sletta, men blir lagra i samsvar med gjeldande regelverk. Skular, skuleeigarar og den statlege utdanningsadministrasjonen bruker resultata som eit hjelpemiddel for å analysere og utvikle læringsmiljøet til elevane.

Resultata som kan hentast ut, er på gruppenivå og ikkje på individnivå. Data frå undersøkinga kan òg bli brukte til forskingsformål av forskarar som får tilgang til grunnlagsdata.

Korleis blir undersøkinga gjennomført?

Det er frivillig å svare på Elevundersøkinga. Elevane kan velje å hoppe over spørsmål dersom dei opplever nokon av dei som ubehagelege, eller dersom det er spørsmål dei ikkje ønskjer å svare på.

Før undersøkinga blir gjennomført, er det viktig at både elevane og føresette les gjennom og ser på informasjonen nedanfor.

Informasjon om Elevundersøkinga – for elevar

Informasjon om Elevundersøkinga – for føresette

Video om Elevundersøkinga

Har du spørsmål?

Ta kontakt med skulen dersom du ønskjer meir informasjon. Du kan òg lese meir om Elevundersøkinga på nettsidene til Utdanningsdirektoratet.

Formålet med Elevundersøkinga

Spørsmål og tema i Elevundersøkinga

Slik behandlar vi personopplysningar i Elevundersøkinga