Alle elevar, lærlingar og lærekandidatar i vidaregåande opplæring har rett på pedagogisk-psykologisk (PPT) rådgiving. 
Kva kan PPT vgo hjelpe med?
- Gi råd og rettleiing om opplæringssituasjonen, for eksempel fagvanskar eller personlege eller sosiale utfordringar
- Gjennomføre utgreiingar og gi rettleiing i forbindelse med spesialundervisning
Kven kan be om hjelp frå PPT vgo?
- Elevar, lærlingar og lærekandidatar kan be PPT vgo om hjelp til å få vurdert og dokumentert fagvanskar, lærevanskar, retten sin til spesialundervisning eller dersom dei opplever dårleg læringsmiljø.  Det kan vere lurt å snakke med kontaktlærar eller rådgivar først.
- Skolane kan be PPT vgo om hjelp til kompetanse- og organisasjonsutvikling. 
PPT vgo-kontora i Møre og Romsdal
- PPT for Molde og Aukra- betener Molde vgs, Romsdal vgs, Fannefjord vgs, Hustadvika vgs, Gjermundnes vgs og Tøndergård skole og ressurssenter
 
- PPT for Surnadal og Rindal 
- PPT for Herøy
- PPT for Ulstein, Hareid, Volda og Ørsta - betener Volda vgs, Ørsta vgs, Ulstein vgs
 
- PPT for Sykkylven
- PPT for Stranda- Betener Stranda vgs og Vestborg privatskole
 
- PPT for Rauma
- PPT for Ytre Nordmøre- Betener Kristiansund vgs og Atlanten vgs
 
- PPT for Ålesund- Betener Ålesund vgs, Borgund vgs, Spjelkavik vgs, Akademiet Ålesund og Haram vgs
 
- PPT for Sunndal og Tingvoll- Betener Sunndal vgs og Tingvoll vgs