Naturbruk

Naturbruk handlar om å drive næring basert på naturressursar, både med tradisjonelle og nye driftsformer. Det du lærer dannar grunnlaget for sikker matproduksjon og for aktivitet og opplevingar med natur og dyr. Samspelet mellom natur, samfunn og økonomi står sentralt. Du får lære å ta vare på og nyttiggjere deg naturressursane på ein berekraftig måte.

Du lærer

  • om naturmateriale og landskapsutforming
  • om fiske- og friluftsliv
  • om dyrestell og dyrevelferd
  • om planteliv og naturprosessar
  • om biologisk produksjon

Du bør

  • ha anlegg for praktisk arbeid
  • vere interessert i utendørs arbeid
  • vere omsorgsfull overfor menneske, dyr og miljø

Du kan bli

  • gartnar eller agronom
  • skogsoperatør
  • hovslagar eller hestefaglært
  • fagarbeidar i reindriftsfaget
  • fiskar eller fagarbeidar i akvakultur

Sjå alle yrke og kompetansar

Du oppnår

Arbeidsstader

  • nyanlegg og vedlikehald i offentleg og privat verksemd
  • landbruk eller skogbruk
  • gartneri eller hagebruk
  • fiske eller fiskeoppdrett
  • reindrift

Vidare utdanning

Yrkesfagleg opplæring fører fram til yrkeskompetanse (med eller utan fag- eller sveinebrev). Etter fullført yrkesfagleg opplæring kan du gå ut i arbeid eller ta vidare utdanning:

Snarvegar