Hospitering på Stranda vgs i veke 46
Vi ønskjer elevar frå 10. klasse velkomne til hospitering på alle dei fire utdanningsprogramma i veke 46.
Vertselevar
- Vi forsøker så langt som råd å organisere det slik at gjesteelevane blir møtt av vertselevar frå same bygd.
Elevane må ha med seg
- Matpakke - om ein ønskjer meir enn eit måltid i løpet av dagen (kan ev. kjøpast i kantina).
- Idrettstøy til hallaktivitetar, dvs. innandørs (gjeld elevane som skal hospitere på idrettsfag).
Program tysdag 16.11 - Helse- og oppvekstfag, restaurant- og matfag, idrettsfag og studiespesialisering
Ca. 90 elevar hospiterer denne dagen.
08.30-09.15 1. økt: Velkomst og generell orientering om Stranda vgs
09.15-14.00 2. økt: Aktivitet på kvart av utdanningsprogramma. Vi spanderer lunsj i kantina i løpet av dagen.
Program torsdag 18.11 - Idrettsfag og studiespesialisering
Ca. 15 elevar hospiterer denne dagen.
08.30-14.00 Aktivitet på kvart av utdanningsprogramma. Elevane følger delvis den ordinære undervisninga. Vi spanderer lunsj i kantina i løpet av dagen.