Kva er ein privatist?
Ein privatist tek eksamen i eit fag utan å vere elev i faget. Du les fagstoffet sjølv og melder deg opp til eksamen. Som privatist får du ikkje standpunktkarakter, kun eksamenskarakter. Privatisteksamen er meint for deg som
- manglar fag frå vidaregåande opplæring for å få vitnemål
- ønsker å forbetre karakterar
- skal ta fagbrev som praksiskandidat
Oppmelding og frist
- Frist for oppmelding til våreksamen: frå og med 15. januar til og med 1. februar
- Frist for oppmelding til hausteksamen: frå og med 1. september til og med 15. september
Slik melder du deg opp
- Ha bank-/kredittkort klar og logg inn på Privatistportalen
- lærlingar med gyldig lærekontrakt logger inn med lærebedrifta sitt org.nr.
- Finn riktig fagkode ved å søke i portalen eller på udir.no. Er du i tvil, kontakt skolen du har gått på før.
- Legg inn eksamensskole. Dersom du ikkje finn ønska skole i oversikta, tilbyr ikkje skolen dette faget, og du må velge ein annan skole.
- Bekreft oppmelding og gå til betaling.
Kva kostar det?
Eksamensavgift for 2026
- 1 403 kroner per eksamen for
- fag du ikkje har standpunkt eller eksamenskarakter i
- fag du ikkje har bestått (karakter 1) som elev eller privatist
- 2 808 kroner per eksamen for
- fag du alt har bestått som elev eller privatist, men ønsker å forbetre
- Lærling med gyldig lærekontrakt, skal ikkje betale for avsluttande eksamen
-
Skriftleg-munnleg eksamen våren 2026
Privatistar kan ta ein kombinert skriftleg og munnleg eksamen i desse faga:
- KOK3103 – kokkefaget
- ROF3103 – reinhaldsoperatørfaget
- TMF3103 – tømrarfaget
- YRK3103 – yrkessjåførfaget
Eksamen består av éin skriftleg og éin munnleg del og gir éin samla karakter på same måte som ein skriftleg eksamen.
Eksamen blir gjennomført slik:
- Skriftleg del: 2 timar
- Munnleg del: inntil 30 minutt (dagen etter)
Ønsker du ein slik skriftleg-munnleg eksamen, melder du deg opp i den ordinære koden (3103). Etter oppmeldingsfristen får du ein e-post med spørsmål om du vil ta eksamen som ein skriftleg-munnleg eksamen.
Du melder deg opp via InSchool Privatist.
Kombinert eksamen er ei prøveordning i regi av Utdanningsdirektoratet (udir.no)
Norsk med kort botid for privatistar
Norsk med kort botid er ei eksamensordning for personar som har bodd kort tid i Noreg og framleis lærer norsk. For å ta denne privatisteksamen må du
- har eit anna morsmål enn norsk, samisk, svensk eller dansk
- kan dokumentere kort botid i Noreg (vanlegvis under 7 år når du tek eksamen for første gong)
- ikkje har fått standpunktkarakter i ordinær norskplan
Oppmelding: du melder deg opp i Privatistportalen
Dokumentasjon: Alle som møter til eksamen må ha gyldig dokumentasjon på botid. Dette kan vere:
- registreringsbevis frå politiet (for EØS-borgarar)
- bostadsattest frå Skatteetaten
- vedtak frå UDI, for eksempel opphaldsløyve
Tid og stad for eksamen
Tid og stad for eksamen finn du på Mine sider i Privatistportalen. Merk: datoar for munnleg, munnleg-praktisk og praktisk eksamen ikkje blir fastsett før fristen for oppmelding er ute. Følg med i portalen.
Privatistskolar i Møre og Romsdal
- Atlanten vgs
- Borgund vgs
- Herøy vgs
- Kristiansund vgs
- Molde vgs
- Romsdal vgs
- Sunndal vgs
- Ålesund vgs
Når du søker opp faget, vil du sjå kva skolar du kan velge mellom. Vi gjer merksam på at fylkeskommunen, i etterkant av oppmeldinga, kan endre eksamenskolen. Da vil du i så fall få beskjed. Kontaktinfo til privatistskolane finn du her.
Tilrettelegging av eksamen
Du kan søke om særskilt tilrettelegging dersom du har behov, vanskar eller funksjonsnedsetting. Målet er at du skal få same moglegheit som andre til å vise kompetansen din. Tilrettelegginga kan ikkje endre kva du blir prøvd i.
Eksempel på særskilt tilrettelegging:
- ekstra tid
- mange pausar
- opplest eksamensoppgåve
- lite rom eller skjerma eksamensplass
Søknadsfristar
- 30. september for hausteksamen
- 15. februar for våreksamen
Du vil få svar i god tid før eksamen om tilrettelegginga er godkjend. Ta med vedtaket på eksamensdagen.
-
Slik søker du
Send søknad i Privatistportalen og legg ved sakkunnig dokumentasjon (for eksempel frå lege, psykolog, psykiater, spesialpedagog eller logoped).
Har du spørsmål? Kontakt skolen der du skal ta eksamen.
Du kan klage på vedtaket. Send klagen til skolen. Klageinstans er Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Fråvær og avmelding
Sjukdom og fråver på eksamen
Dersom du er sjuk eller opplever ei uforusett hending du ikkje rår over, kontakt skolen så snart som mogleg.
Viss du kan dokumentere årsaka til fråveret (f.eks. legeerklæring) får du rett til ny eksamen neste periode utan å betale ny eksamensavgift.
- Fristen for å sende inn dokumentasjon: ei veke etter eksamensdato
- Du blir meldt opp automatisk når dokumentasjon er levert
Ønsker du å utsette eksamen?
Dersom du ønsker å vente med å ta eksamen av andre grunnar, må du melde deg opp på nytt og betale eksamensavgift
Avmelding
For å melde deg av, må du sende ein e-post til eksamensskolen.
- Melder du deg av innan oppmeldingsfristen, får du tilbakebetalt eksamensavgifta
- Melder du deg av etter fristen, får du ikkje tilbakebetalt eksamensavgifta
Kollisjon med eleveksamen
Dersom privatisteksamen kolliderer med ein obligatorisk eleveksamen same dag, får vil eleveksamen prioritet. Du blir då meldt av privatisteksamen og får ikkje refundert avgifta.