Skulestart 2022

Sjå eige informasjonsskriv for Vg1 nedst på sida.

Sjå eiga side med informasjon til føresette.

________________________________________________________________________

Program for oppstartsveka 22.-26. august

 

NB! Oppstartstur for Vg1 blir gjennomført onsdag og torsdag (i staden for torsdag og fredag) og turdag for Vg2 og Vg3 blir gjennomført onsdag (i staden for fredag), av omsyn til vêret.

 

Måndag

Skulestart kl. 08.30

Elevane møter kontaktlærarane klassevis. Informasjon om rom finn du i vestibylen.

Denne dagen blir det ikkje ordinær undervisning, men de vil få aktuell informasjon og bli kjent med kvarandre (gjeld spesielt Vg1). Det blir brunsj i kantina etter denne planen:
   10.00-10.30 Vg1
   10.30-11.00 Vg2 og Vg3

Tysdag

Ordinær undervisning

Onsdag

Vg1 Oppstartstur til Fjellsetra (sjå informasjonsskriv nedst på sida)

Vg2 og Vg3 har turdag til Ansok og Ansokhornet (sjå informasjonsskriv nedst på sida)

Ordinær undervisning

Torsdag

Vg1 Oppstartstur til Fjellsetra (sjå informasjonsskriv nedst på sida)

Vg2 og Vg3 har ordinær undervisning

Fredag

Ordinær undervisning

Vg1 Oppstartstur til Fjellsetra (sjå informasjonsskriv nedst på sida)

Vg2 og Vg3 har aktivitetsdag

________________________________________________________________________

Inntak

Inntak til vidaregåande blir administrert av inntaksseksjonen. Du kan kontakte dei på på tlf. 71 28 01 50.

Har du spørsmål om venteliste og ledige plassar, kan du Stranda vgs direkte på tlf. 70 28 19 00.

Er du ny elev i Vg1 må du registrere nokre opplysningar her: https://skolestart.mrfylke.no/

________________________________________________________________________

Skulerute

Du finn skuleruta her.

________________________________________________________________________

Skuleskyss

  • Har du meir enn 6 km avstand mellom heim og skule har du rett på fri skuleskyss. Du kan lese om dette og andre vilkår for fri skuleskyss her.
  • Alle må søke! Om du ønsker fri skuleskyss må du søke dette på skoleskyss.mrfylke.no. Du kan søke etter å ha takka ja til skuleplass.
  • Du får utdelt skulskysskortet på skulen.
  • Om du allereie har eit skuleskysskort, enten frå ungdomsskulen eller vidaregåande, blir dette oppdatert (om du framleis har rett). Har du mista skuleskysskortet ditt må du kontakte oss, så vil vi bestille eit nytt. Dette kostar 100 kr.
  • Du finn mei informasjon her: https://mrfylke.no/utdanning-og-karriere/opplaering-i-skole/skoleskyss/skoleskyss-i-vgs.

Her finn du skuleskysstidene for Stranda vgs.

________________________________________________________

PC-ordning for Vg1-elevar

  • Det er obligatorisk med berbar PC på Stranda vgs (og dei andre vidaregåande skulane som er eigd av Møre og Romsdal fylkeskommunen).
  • Nye Vg1-elevar får tilbod om ein fylkeskommunal elev-PC. Les meir om PC-ordningane på skolestart.mrfylke.no.
  • Om du ønskjer å bestille elev-PC bør du gjere det snarast råd, sjølv om fristen er 1. september.
  • NB! Føresette til elevar under 18 år må godkjenne bestillinga på skolestart.mrfylke.no.
  • Gjennom fylkeskommunen eller skulen får elevane tilgang til nødvendig programvare (t.d. Microsoft Office 365) og digitale læremiddel. Det er ikkje nødvendig å kjøpe private lisensar.

________________________________________________________

Gratis lærebøker til alle elevar

  • Alle elevar får låne lærebøker av skulen gratis. Du treng altså ikkje å kjøpe ei einaste lærebok.
  • Anna undervisningsutstyr som du treng må du kjøpe sjølv (t.d. skrivemateriell, PC, kalkulator, arbeidsklede, verneutstyr).

________________________________________________________

Utstyrsstipend frå Lånekassa

  • Alle elevar med ungdomsrett i vidaregående skule har rett på utstyrsstipend frå Lånekassa. Stipendet er ikkje avhengig av kva foreldra dine tener. Alle som skal ha utstyrsstipend må søke Lånekassa.
  • I tillegg til utsttyrsstipendet kan du ha rett til andre stipend og/eller lån frå Lånekassa.
  • Er du under 18 år skal foreldra dine signere avtale om stipend. Lånekassa oppmodar foreldre til å opprette digital postkasse (e-Boks eller Digipost) og nytte seg av tilbodet om å få svarbrevet elektronisk og signere for eleven digitalt.
  • Les meir om dei ulike stipenda og låna og korleis du søker på laanekassen.no.

Dokumenter