Bedriftsmodellen er ein alternativ yrkesfagleg opplæringsmodell, 0+4 modell.
Opplæringa er i lærebedrift frå dag ein. Det betyr fellesfaga på skulen to dagar i veka og opplæring i programfaga i lærebedrifta tre dagar i veka. Dei to siste åra er ein lærling i lærebedrifta, og opplæringa blir avslutta med eit fagbrev etter det fjerde året. Elevane har både elevstatus og lærlingstatus dei to første åra og lærlingstatus dei to siste åra. Læringstilskotet blir fordelt over dei fire åra, det betyr løn frå dag ein.

Bedriftsmodellen er ein opplæringsmodell for elevar som har mål og ambisjonar om eit spesifikt fagbrev. Eleven bør ha gode praktiske ferdigheiter og være i stand til å ta initiativ i opplæringa og arbeid på eigenhand. Gjennom opplæringa er det eit tett samarbeid mellom aktørane i fagopplæringa: skule, næringsliv og opplæringskontora.
Bedriftsmodellen ved Stranda vgs i samarbeid med næringslivet blir eit tilbod innafor faga:
- Bygg og anleggsteknikk
- Teknologi og industrifag
- Sal, service og reiseliv
- Restaurant- og matfag
- Frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign
- Elektro og datateknologi
Stranda vgs vil ha ein koordinator som følgjer opp eleven frå søknad til lærekontrakt, og følgjer opp eleven/lærlingen i opplæringa på skule og i lærebedrifta.
Noko for deg? Ta kontakt med skulen, stranda.vgs@mrfylke.no for oppstart i 2026. Tilbodet er søkbart i VIGO frå 2027.