Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Stranda VGS > Nyheiter

Skulestartveka 2018

Det blei ei oppstartveke med mykje godt humør og stort engasjement! Vi ønskjer alle lykke til med skuleåret som vi håpar blir rikt på både læring og opplevingar!

Les meir

Lokalmat UB blei nr. 2 i NM

Lokalmat UB fekk 2. plass i kategorien «Beste ungdomsbedrift» under NM for ungdomsbedrifter 2018. Prisen blei delt ut av Kunnskapsminister Jan Tore Sanner.

Lokalmat UB blei også norgesmester i kategorien «Beste samarbeid med næringslivet» og fekk 2. plass i kategorien «Størst verdiskapingspotensial».

I tillegg blei Lokalmat UB også nominert (blant dei 8 beste ungdomsbedriftene i landet) innan kategoriane Beste utstilling, Beste marknadsføring og Beste kundeopplevelse på nett.

Les meir

Internasjonalisering ved Stranda vgs skuleåret 2017/2018 – språk, kultur - og vennskap for livet

Opplevingar du seint vil gløyme.

Hausten 2017 og våren 2018 har vi hatt utveksling med elevar frå Nederland og Spania.

Les meir

Iskremkokkekamp 2018

Den tverrfaglege ungdomsbedrifta nICE UB, beståande av elevar frå utdanningsprogramma restaurant- og matfag og studiespesialisering, arrangerer vinteren 2018 iskremkokkekampar for 10. klassingar på ungdomssskulane i nærområdet. Dei starta turneen sin i veke 2 med å besøke over 90 elevar ved Sykkylven ungdomsskule. 

Les meir

Lanseringsfest for ungdomsbedriftene 2017

Fredag 15. desember var det lanseringsfest for årets ungdomsbedrifter ved Stranda vgs.

Les meir

Studieturar for Vg3-klassene hausten 2017

Vi har tradisjon for at Vg3-klassene reiser på studietur om hausten. I år reiste begge klassene i veke 36. Idrettsfag var i Portugal medan Studiespesialisering var i Gdansk i Polen.

3ID Portugal 2017
Les meir

Skulestartveka 2017

Vi takkar alle for ei flott skulestartveke. Til saman 201 elevar har valt å gå på Stranda vgs i år, fleire enn på mange år. Ein fantastisk gjeng ungdommar. Vi gler oss til å bli betre kjent med alle, både nye og gamle, og ser fram til eit supert skuleår!

Veka vart avslutta på tradisjonelt vis med aktivitetsdag for heile skulen på Mona stadion - i stålande vèr.

Les meir

Sommaravslutning 2017

Sommaravslutning onsdag 21. juni 2017: Deilig felles lunsj i kantina før flott program i aulaen med innslag i regi av elevar og lærarar. God sommarferie!

Les meir

Avslutningsfest for avgangselevane 2017

Over 150 deltok på avslutningsfesten for avgangselevane på Storfjord kulturhus går. Stor stas å heidre dei strålande flotte ungdommane, overrekke attestar og vitnemål og ønskje lykke til vidare i livet!

Les meir

ZUP UB deltok i NM for ungdomsbedrifter på Lillestrøm

ZUP UB hang med heilt inn og var blant dei seks finalistane til Gastronomiprisen under NM for ungdomsbedrifter, men datt dessverre utanfor pallen denne gongen. Det var Michelin-kokk Bent Stiansen som delte ut årets Gastronomipris.

ZUP UB kan uansett vere godt nøgd med innsatsen. Å vere blant dei seks beste i landet innan gastronomi står det stor respekt av. I tillegg selde dei ut samtlege 100 flasker med smoothie som dei hadde med til NM

Les meir