Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Stranda VGS > Utdanningstilbod > Studiespesialisering > Om studiespesialisering

Studiespesialisering

Studiespesialisering - grunnlag for vidare utdanning med generell eller spesiell studiekompetanse

Med vitnemål frå studiespesialisering får du generell eller spesiell studiekompetanse. Generell studiekompetanse gir deg rett til å studere på høgskular og universitet, bortsett frå dei studiane som krev spesiell studiekompetanse. Spesiell studiekompetanse får du dersom du vel fordjuping i realfaga. Det er krav om slik kompetanse dersom du til dømes skal bli lege, veterinær, tannlege eller ingeniør.

Arbeidsplass

Elevane på studiespesialisering har eigen arbeidsplass til bruk i fritimar/studietimar.

Programområde og programfag (Vg2 og Vg3):

I løpet av første året (Vg1) må elevane velje kva programområde dei vil halde fram med på Vg2 og Vg3 (Realfag eller Språk, samfunnsfag og økonomi). Dei kan velje til saman 30 timar per veke med programfag innafor desse programområda i Vg2 og Vg3 (dvs. 15 timar kvar år). Dette tilsvarar 3 programfag kvart år. To av desse programfaga må veljast innan det programområdet dei spesialiserersdeg i, medan det tredje kan veljast fritt (òg frå idrettsfag!). 15 timar per veke er sett av til fellesfag.

Du kan lese om fellesfaga og programfaga i menyen til venstre. I tillegg til dei programfaga som er lista opp der kan elevar på studiespesialisering velje eitt programfag per år frå utdanningsprogram for idrettsfag (Friluftsliv, Breddeidrett og Toppidrett).