Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Stranda VGS > Utdanningstilbod > Restaurant- og matfag > Om restaurant- og matfag

Om restaurant- og matfag

Stranda vidaregåande skule tilbyr opplæring i Vg1 restaurant- og matfag og alle spesialiseringane innan Vg2 kokk- og servitørfag og Vg2 matfag. Dette er ei praktisk utdanning og delar av opplæringa blir gjennomført i ei av våre samarbeidsbedrifter allereie frå første skuleåret. Du blir fagarbeidar etter 2 år på skule og 2 år som lærling.

Utdannninga kvalifiserer deg til eit stort mangfald av yrke i hotell- og restaurantnæringa og i matbedrifter. Du kan òg ta påbygging til generell studiekompetanse og slik kvalifisere deg til studium på høgskulenivå i t.d. matteknologi eller ernæringsfysiologi.

Skulen har moderne produksjonslokale og storkjøkken for utvikling og framstilling av produkt og måltid basert på eit stort mangfald av råvarer. Vi har òg eigen butikk kor elevane sel ein del av dei produkta dei lagar.

Elevane på restaurant- og matfag samarbeider med entreprenørskapselevane på studiespesialisering i tverrfaglege ungdomsbedrifter som utviklar, produserer og sel ulike matprodukt og -rettar.