Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Idrettsfag

Studiekompetanse med fordjuping i idrettsfag

  

Går du idrettsfag får du generell studiekompetanse akkurat som på studiespesialisering. På idrettsfag kan du i tillegg til idrettsfaga, få fordjuping i matematikk (R1 og R2).

Er du ein aktiv ungdom som ønskjer studiekompetanse og som samstundes likar idrett og friluftsliv, då er idrettslina nettopp noko for deg.

Du må og gjerne ta kontakt med skulen for å få meir informasjon, og for eventuelt å gjere avtale om besøk.

Sjå forøvrig meir om programområdet Idrettsfag og dei aktuelle programfaga i presentasjonen under.

Innhald

Dei felles allmenne faga (fellesfaga) er dei same som på studiespesialisering. På Vg2 og Vg3 tek du fordjuping i idrettsfag i staden for til dømes språkfag eller realfag.

Skigymnas

Stranda vidaregåande skule har status som skigymnas. For dei som vil satse i Noregstoppen i er dette eit heilt unikt tilbod. Sjå eiga fane om Skigymnaset for meir informasjon.

Nedanfor finn du ein presentasjon om idrettsfag (klikk på det første lysbildet for å starte).