Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Stranda VGS > Utdanningstilbod > Helse- og oppvekstfag > Om helse- og oppvekstfag

Helse- og oppvekstfag

På Stranda vidaregåande skule kan du ta Vg1 Helse- og oppvekstfag, Vg2 helsearbeidarfag. Du blir fagarbeidar etter 2 år på skule, og 2 år som lærling. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse og ta vidare studiar på høgskulenivå som fører fram til f.eks. bachelor i sjukepleie, barnehagelærar, sosionom osv.

Enten du er ungdom eller vaksen som ynskjer utdanning, byr helse- og oppvekstfag på mange spennande muligheiter. Med helse- og oppvekstfag skaffar du deg et yrke i løpet av vidaregåande opplæring. Pleie- og omsorgssektoren står overfor store utfordringar i framtida med hensyn til kvalifisert arbeidskraft. Difor er du sikra jobb i ein spennande sektor, som vil gje deg mange utviklingsmoglegheiter.