Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Stranda VGS > Stranda skigymnas > Tilbod > Kva seier løparane?

Kva seier løparane?

Martine Lorgen Øvrebust:
"For meg var det eit naturlig val å starte på Stranda vgs. Det er nært heime og eg fekk trena mykje i skuletida. Eg var på juniorlandslag siste året på skulen og kombinerte dette med skulen sitt opplegg. For meg var dette veldig bra, og gjorde at eg framleis hevda meg i toppen i klassa."
Simen Hølmo:
"Då eg skulle velje videregåande skule, var eit av dei viktige kriteria at eg kunne kombinere toppidretten med fordjupning i matematikk og fysikk. Eg og to andre fekk ein spesiallaga timeplan som gjekk over fire år, og som ga oss meir tid til å trene og gjere lekser enn dei andre elevane. Kombinert med det tette samarbeidet med kretslaget så har nok Stranda vgs det beste tilbodet i fylket!"