Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Stranda VGS > Stranda skigymnas > Tilbod > Hospitering tysdag 26.11.2019

Hospitering tysdag 26.11.2019

Om du tenkjer at langrensstilbodet på Stranda skigymnas er aktuelt for deg er du velkommen til hospiteringsdagen vår tysdag 26.11.2019. Hospiteringa er planlagt innafor ein ordinær skuledag, dvs. frå kl. 08.30 og til kl. 15.30. Elevar som har lang reiseveg/tid, kan avtale oppstart kl. 10.00.

Ein vanlig skuledag på Stranda vgs. startar 8:30. Vi har 8 skuletimar pr. dag, og to matpausar. Fredagane har vi fagdag, altså eit fag heile dagen.

I planen under er det skissert eit opplegg for hospiteringsdagen. Om nokon har lang reiseveg, og vanskelig for å nå fram i tide, så kan dei møte 10, eller vi kan revurdere planen litt. Vi får ha ein dialog
om dette når vi ser kven som ønsker å møte til hospitering. Vi håper på skiforhold, og vurderer sannsynligheita for dette til ca. 50/50. Blir det ikkje ski så tek vi
rulleski i staden, same innhald.

Plan for dagen (pr. 22. okt. 2019)

08:30 – 10:00 1-2 time. Kort styrkeøkt, vi viser og øver på ein del spesifikke øvingar vi brukar i langrenn. (Berre hospitantane).

10:00 – 10:30 Mat (havregraut). Vi samlar elevar og hospitantar til felles måltid.

10:30 – 12:00 3-4 time. Informasjon om opplegget på Stranda Skigymnas

12:00 – 12:45 5 time. Hospitantar følger treningslære med 1ID.

12:45 – 13:05 Niste, kjapt skifte, klar til trening 13:05.

13:05 – 15:30 6-8 time. Trening, ski/rs fristil. Oppvarming, teknikk, stafettar, langkøyring.

Info om hospiteringsdagen vil du også finne på facebooksida til skulen.

Påmelding

Send påmelding til: Jan.Erik.Westeras@mrfylke.no
Frist 19.11 (1 veke før hospiteringa).

Har du spørsmål kan du kontakte Jan Erik Westerås på mobil 907 60 268.