Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Stranda VGS > Stranda skigymnas > Tilbod > Hospitering tysdag 15. januar

Hospitering tysdag 15. januar

Om du tenkjer at langrensstilbodet på Stranda skigymnas er aktuelt for deg er du velkommen til hospiteringsdagen vår tysdag 15.01.2019. Hospiteringa er planlagt innafor ein ordinær skuledag, dvs. frå kl. 08.30 og til kl. 15.30. Elevar som har lang reiseveg/tid, kan avtale oppstart kl. 10.00.

Plan for hospiteringsdagen

08.30 – 10.00    Kort styrkeøkt. Vi viser og øver på ein del spesifikke øvingar vi brukar i langrenn (Berre hospitantane)

10.00 – 10.30    Matpause med havregraut. Vi samlar alle på langrenn til eit felles måltid

10.30 – 12.00    Informasjon om opplegget på Stranda Skigymnas

12.00 – 12.45    Hospitantar følger treningslære med Pål Bjørn i 2IDA

12.45 – 13.05    Kjappt måltid, skifte til skiutstyr og kle

13.05 – 15.30    Trening, ski fristil. Langkøyring/oppvarming, teknikk, stafettar, hurtigheit

Påmelding

Meld deg på til Jan Erik Westerås (jan.erik.westeras@mrfylke.no / 907 60 268). Om dagen ikkje passar kan du eventuelt kome ein anna dag. Du gjer i so fall avtale om dette med Jan Erik.