Skulebygg og treningsanlegg
Skulebygga
Hovudbygget inneheld arbeidsrom for lærarar og elevar, ordinære klasserom, realfagslaboratorium, aula og kantine.
|
|
|
|
|
|
|
|
Skulen har eige bygg for restaurant- og matfag ("Næringsfagbygget"). Her er det moderne laboratorium, fullt utstyrt produksjonsavdeling, storkjøkken og øvingsbutikk.
Skulen har òg eige styrketreningsrom med apparat, vekter, tredemølle og spinningsyklar. Utanom ordinær undervisning har elevar tilgang til styrketreningsrommet på ettermiddag/kveldstid til kl. 20.00.
Strandahallen og andre idrettsanlegg på Stranda
Skulen disponerer Strandahallen på dagtid saman med Stranda ungdomsskule. Stranda stadion på Mona blir nytta til friidrett og fotball. Her er det kunstgras både på 11ar-bana og på eit mindre treningsfelt.
Strandafjellet
Strandafjellet er mellom dei beste alpinanlegga i Noreg. Til skianlegget er det berre 5-10 min med bil/buss. To halve skuledagar i veka frå jul til påske er elevane på idrettsfag i løypene på Strandafjellet.