Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Stranda VGS > Skulen > Læringsmiljø > Læringsmiljøet på Stranda vgs

Læringsmiljøet på Stranda vgs

Eit raust og støttande læringsmiljø er grunnlaget for ein positiv kultur der elevane blir oppmuntra og stimulerte til fagleg og sosial utvikling.

Fagleg læring kan ikkje isolerast frå sosial læring. I det daglege arbeidet speler derfor elevane si faglege og sosiale læring og utvikling saman.

(Frå overordna del i læreplanverket)

Vi har:

Eit inkluderande fellesskap

¤ Raust og støttande læringsmiljø

¤ Gode relasjonar (elev-elev, elev-tilsett, tilsett-tilsett)

¤ Bevisstheit og kunnskap om psykisk helse

¤ Nulltoleranse for mobbing og trakassering

God læringskultur

¤ Høge, men realistiske forventningar

¤ Elevane ønskjer å lære

¤ Det er arbeidsro

¤ Det er greitt å gjere feil

Individuell rettleiing og oppfølging

¤ Karriererettleiing

¤ Sosialpedagogisk rådgiving

¤ Skulehelseteneste - Skulehelsesøster med fast kontortid

¤ Tett samarbeid med PPT (Pedagogisk-psykologisk teneste)

Stranda vgs - naturlegvis