Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Stranda VGS > Nyheiter > Lanseringsfest for ungdomsbedriftene 2017

Lanseringsfest for ungdomsbedriftene 2017

Fredag 15. desember var det lanseringsfest for årets ungdomsbedrifter ved Stranda vgs.

Ungdomsbedriftene Muffle UB, Lokalmat UB, Pack UB og nICE UB presenterte i tur og orden sine ulike produkt og tenestar til 100 gjestar, deriblant ordførarane i kommunane Stranda og Stordal, samt varaordføraren i Norddal kommune.

I tillegg til foreldre, slektningar og representantar frå lokalt næringsliv, fekk også elevane besøk av dagleg leiar i Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal denne kvelden. Publikum fekk ein introduksjon av elevane, samt presentasjonar frå kvar av dei fire ungdomsbedriftene.

Den musikalske underhaldninga stod det lokale damekoret Kor Løye for.