Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Stranda VGS > Nyheiter > Internasjonalisering ved Stranda vgs skuleåret 2017/2018 – språk, kultur - og vennskap for livet

Internasjonalisering ved Stranda vgs skuleåret 2017/2018 – språk, kultur - og vennskap for livet

Opplevingar du seint vil gløyme.

Hausten 2017 og våren 2018 har vi hatt utveksling med elevar frå Nederland og Spania.

Elevar ved Stranda vgs tok først imot elevar frå Spania og Nederland hausten 2017, og i vår reiste elevane ved vår skule til Nederland og Spania for å bu hos dei samme elevane og jobbe med eit tverrkulturelt prosjekt saman.

Det vart ei spennande og lærerik erfaring for alle. Her på Stranda jobba elevane med ein app for turistar, i Nederland vart det fokus på media og politikk, og i Spania valde ein også å jobbe med eit prosjekt innanfor turisme.

Men utvekslinga ved skulen vår er meir enn berre prosjektjobbing. Under veka med utveksling bur du med ein vertsfamilie, og er saman med elevane på deira skule. Du får også tid til å drive med aktivitetar saman på fritida, og besøke spennande stader som lærer deg meir om kultur, kvardag og historie i eit anna land.

Og kanskje best av alt – alle gruppene er saman gjennom heile veka, slik at det er lett å bli kjent og få mange nye venner på tvers av kultur og språk.

I løpet av veka i Spania var vi blant anna på bytur til Valencia og på fjelltur saman med vertselevane.
I Nederland førebudde og gjennomførte elevane ein partileiardebatt.
 
Frå avslutningsfesten for konferansen på Stranda hausten 2017.