Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Stranda VGS > Nyheiter > Hospitering i veke 46

Hospitering i veke 46

Vi ønskjer elevar frå ungdomsskulane velkomne til følgjande program og opplegg:

Tysdag 13.11 og torsdag 15.11

08.30-09.15 1. økt: Velkomst og generell orientering om Stranda vgs (elevane som kjem begge dagane treng ikkje vere med på denne økta torsdagen)

09.15-14.00 2. økt: Aktivitet på kvart av utdanningsprogramma. Vi spanderer lunsj i kantina i løpet av økta.

Vertselevar
Vi forsøker så langt som råd å organisere det slik at gjesteelevane blir møtt av vertselevar frå same bygd.

Elevane må ha med seg

  • Matpakke om ein ønskjer meir enn eit måltid i løpet av dagen. Dette kan ev. kjøpast i kantina.
  • Idrettstøy til hallaktivitetar, dvs. innandørs (gjeld elevane som skal hospitere på idrettsfag).