Hospitering hausten 2019
Vi ønskjer elevar frå 10. klasse velkomne til hospitering på alle dei fire utdanningsprogramma i veke 46. I tillegg har vi eige hospiteringsopplegg på Stranda skigymnas (toppidrettstilbodet i langrenn) i veke 48.
Vertselevar
- Vi forsøker så langt som råd å organisere det slik at gjesteelevane blir møtt av vertselevar frå same bygd.
Elevane må ha med seg
- Matpakke om ein ønskjer meir enn eit måltid i løpet av dagen (kan ev. kjøpast i kantina).
- Idrettstøy til hallaktivitetar, dvs. innandørs (gjeld elevane som skal hospitere på idrettsfag).
Program
Måndag 11.11 og torsdag 14.11 - Ordinær hospitering på utdanningsprogramma helse- og oppvekstfag, restaurant- og matfag, idrettsfag og studiespesialisering
08.30-09.15 1. økt: Velkomst og generell orientering om Stranda vgs (elevane som kjem begge dagane treng ikkje vere med på denne økta torsdagen)
09.15-14.00 2. økt: Aktivitet på kvart av utdanningsprogramma. Vi spanderer lunsj i kantina i løpet av dagen.
Tysdag 26.11 - Hospitering på Stranda skigymnas
Programmet finn du her: http://stranda.vgs.no/Stranda-VGS/Stranda-skigymnas/Tilbod/Hospitering-tysdag-26.11.2019.
Oppdatert: 23.10.19