Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Stranda VGS > Nyheiter > 17. mai-helsing frå russen

Dokument

Alternativ russeavis 2020
PDF-dokument - 1,11 MB

17. mai-helsing frå russen

17. mai, i dag skulle det vore ein folkefest i Stranda sentrum med song og god stemning. Russen ville vanlegvis gått rundt, litt sliten og trøytte og forsøke å selje russeavisa vår Utrønå. På grunn av situasjonen samfunnet vårt har vore i siste månadane har dette ført til ei forseinking i produksjonen av russeavisa. Vi har derfor laga til denne digitale versjonen for å gi eit lite innblikk i kven Strandarussen 2020 er, og korleis vår russefeiring har vore hittil. Redaksjonen står på for å få til den originale avisa vår, og denne vil verte mogleg å få kjøpe i juni når det nærmar seg vitnemålsutdeling for russekullet. Vi håper at de vil kjøpe avisa vår når den er tilgjengeleg for sal, den vil innehalde mange kjekke bilete og artiklar som vi har jobba med denne våren. Enn så lenge kan de kose dykk med denne digitale, litt alternative versjonen av avisa vår (sjå pdf-dokumentet til høgre på sida).

Helsing Karoline Siem Fjørstad (president) og Mathias Fivelstad (visepresident)