Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Stranda VGS > Nyheiter

Utdanningsmesse i Sykkylven 2016

Sykkylven ungdomsskule arrangerte utdanningsmesse tysdag 1. november. Stranda vgs stilte med stand for idrettsfag og restaurant og matfag. Gledeleg mange besøkte oss.

Les meir

Internasjonal dag på Stranda vgs

Eit svært vellykka arrangement onsdag 19. oktober!

Vi takkar og gratulerer skulekomitéen for operasjon dagsverk 2016: Katrine, May Britt, Maria, Isabel og Henrik.

Les meir

Karrieredagen 2016

Karrieredagen 2016 - ei utdanningsmesse for 10. klassingar på nordre Sunnmøre - vart arrangert i Sparebanken Møre Arena i Ålesund onsdag 5. oktober. Stranda vgs var representert med eigne stander for både restaurant- og matfag og idrettsfag.

Les meir

3ID på klassetur til Portugal

Tredje klasse på idrettsfag hadde ei strålande veke med sol, surfing og aktivitetar 11. til 18. september. Dei besøkte verdsarvbyen Sintra og var på champions league-kamp i Lisboa. Opplevingar for livet!

Les meir

Gull til Herman og sølv til Karoline

Vi gratulerer Karoline (1ID) Herman (2ID) med flotte prestasjonar under NM for ungdom i Sandnes 3. og 4. september. Karoline fekk 2. plass i diskos, 3. plass i slegge og 5. plass i kule, medan Herman fekk 1. plass i diskos, 3. plass i slegge og 4. plass i kule.

Les meir

Kjempesuksess for Stranda vgs på fylkesmessa for UB

Stranda vgs blei den mestvinnande skulen med heile 10 prisar under Fylkesmessa for ungdomsbedrifter i Molde, godt foran både Ålesund vgs (7) og Spjelkavik vgs (7). Strandaelevane tok følgjande prisar:

- Beste ungdomsbedrift: Brød-rett hjem UB (1. plass)
- Beste forretningsplan: Brød-rett-hjem UB (1.plass)
- Beste yrkesfaglege bedrift: Kafémat UB (1. plass)
- Gastronomiprisen: Sunn Snacks UB (1. plass)
- Beste utstilling: Brød-rett-hjem UB (1. plass)
- Beste innovative produkt: Sunn Snacks UB (2. plass)
- Beste yrkesfaglege bedrift: Sunn Snacks UB (2. plass)
- Størst verdiskapingspotensial: Brød-rett-hjem UB (3. plass)
- Beste marknadsføring: Brød-rett-hjem UB (3. plass)
- Beste logo: Grøn Fjord UB (3. plass)

Sidan Brød-rett-hjem UB vann den gjevaste prisen, Beste ungdomsbedrift, er dei dermed direkte kvalifisert til å delta under NM for ungdomsbedrifter på Lillestrøm 28.-29. april.

Les meir om satsinga vår på entreprenørskap og ungdomsbedrifeter her.

Les meir

Politisk studietur til Oslo

2.- og 3.-klassingane i Politikk og menneskerettar var på ekskursjon til Oslo frå tysdag 27. oktober, til fredag 30 oktober. Det vart lærerike dagar som du kan lese meir om i "reisebrevet" Politisk studietur til Oslo, oktober 2015.

Les meir

Dobbelt gullmedaljevinnar i ungdoms-NM i friidrett

Herman Velle Aurdal, som er toppidrettselev ved Stranda vgs, vann gull både i diskos og slegge under junior-NM i Jervskogen i Hommelvik i mars.

Vinnarkast i diskos (1,5 kg) målte 49,60 meter, medan han kasta slegga (5 kg) heile 58,74 meter.

Les meir

Norges beste forretningsplan for ungdomsbedrifter 2015

Glutenfri UB imponerte igjen, med to flotte prisar under NM for ungdomsbedrifter 2015 på Lillestrøm 29. og 30. april.

Les meir