Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Stranda VGS > Internasjonalisering > Ein fleirkulturell skule

Ein fleirkulturell skule

Stranda vidaregåande skule har elevar frå mange ulike land, og vi tek dei minoritetsspråklege elevane på alvor. I tillegg til ordinær undervisning tilbyr vi eit eige opplegg med norskopplæring for ungdomar som har kort butid i landet tilpassa eleven sitt nivå. Forsking viser at tilstrekkeleg norskunnskap er avgjerande for å lykkast i skule, samfunn og arbeidsliv.