Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Stranda VGS > Framsida > Informasjon om skulestart 2018/2019

Informasjon om skulestart 2018/2019

Skulestart måndag 20. august kl. 08.30

Elevane møter kontaktlærarane klassevis. Informasjon om rom finn du i vestibylen. Vi serverer frukost i kantina kl. 09.30 for Vg1 og kl. 10.15 for Vg2 og Vg3.

Tysdag 21. august blir det frukost i kantina etter eit kort møte i basisgruppa.

________________________________________________________________________

Skuleskyss - Nye registreringsrutinar for alle elevar!

Frå skuleåret 2018/2019 vil fylkeskommunen gå over til eit nytt system for registrering av skoleskysselevar i Møre og Romsdal.

Har du meir enn 6 km avstand mellom heim og skule har du rett på fri skuleskyss. Du kan lese om dette og andre vilkår for fri skuleskyss her.

Om du har rett på fri skuleskyss må du leverer elektronisk søknad på skoleskyss.mrfylke.no innan 30. juli.

Her finn du skulerutetidene for Stranda vgs.

________________________________________________________

PC-ordning for Vg1-elevar

Det er obligatorisk med berbar PC på Stranda vgs (og dei andre vidaregåande skulane som er eigd av Møre og Romsdal fylkeskommunen).

Nye Vg1-elevar kan velje mellom to ordningar for å skaffe seg PC. Dei får enten

  1.  Ein berbar PC som blir utlevert ved skulestart, eller
  2.  Eit eingongstilskott (PC-stipend) på kr 2 500 til kjøp eller bruk av eigen PC (blir utbetalt i november)

Du finn meir informasjon om PC-ordninga og bestilling av PC eller PC-stipend på skolestart.mrfylke.no. Bestillingsfrist er 27. august.

Om du bestiller PC må du levere ein kjøpsavtale som er signert av føresette om du er under 18 år. Last ned avtalen, skriv han ut, få han signert og ta han med på skulen.

________________________________________________________

Gratis lærebøker til alle elevar

Alle elevar får låne lærebøker av skulen gratis. Du treng altså ikkje å kjøpe ei einaste lærebok.

Anna undervisningsutstyr som du treng må du kjøpe sjølv (t.d. skrivemateriell, PC, kalkulator, arbeidsklede, verneutstyr).

________________________________________________________

Utstyrsstipend frå Lånekassa

Alle elevar med ungdomsrett i vidaregående skule har rett på utstyrsstipend frå Lånekassa. Stipendet er ikkje avhengig av kva foreldra dine tener. Alle som skal ha utstyrsstipend må søke Lånekassa.

I tillegg til utsttyrsstipendet kan du ha rett til andre stipend og/eller lån frå Lånekassa.

Er du under 18 år skal foreldra dine signere avtale om stipend. Lånekassa oppmodar foreldre til å opprette digital postkasse (e-Boks eller Digipost) og nytte seg av tilbodet om å få svarbrevet elektronisk og signere for eleven digitalt.

Les meir om dei ulike stipenda og låna og korleis du søker på laanekassen.no.

________________________________________________________