Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Stranda VGS > Entreprenørskap > Ungdomsbedrifter

Ungdomsbedrifter

Entreprenørskapsklassene ved Stranda vidaregåande skule har kvart år med fleire ungdomsbedrifter som deltek på Fylkesmønstringa for ungdomsbedrifter i regi av Ungt Entreprenørskap. Elevane jobbar då målbevisst med sine ungdomsbedrifter gjennom skuleåret.

Regissør Herman Lersveen sin kortfilmdebut som filmskapar. Filmen følgjer ungdomsbedriftene og dei tilknytte lærarane ved Stranda vgs våren 2018. Frå førebuingane til Fylkesmessa i Møre og Romsdal til NM for ungdomsbedrifter på Lillestrøm.

Ungdomsbedrifta Lokalmat UB vann i 2018 heile ni prisar under Fylkesmessa for ungdomsbedrifter i Molde, deriblant seks førsteplassar. Ein av desse toppplasseringane vart «Beste ungdomsbedrift» i Møre og Romsdal.

 

nICE UB vann seks prisar under Fylkesmessa 2018, deriblant førsteplassen for «Beste forretningsplan».

Muffle UB vann tredjeplass i kategorien «Beste markedsføring» under Fylkesmessa 2018.
 
Pack UB sin stand under Fylkesmessa 2018.
Ungdomsbedrifta ZUP UB vann seks prisar under fylkesmessa i 2017: Førsteplass i kategoriane Beste logo og Gastronomi, samt andreplass i Beste forretningsplan og tredjeplass i Beste Markedsføring, Beste utstilling og Størst verdiskapningspotensial.
 
Ungdomsbedrifta Smelt i hjertet UB vann fire priser under fylkesmessa i Kristiansund i 2017: Førsteplass i kategoriane Beste forretningsplan og Beste utstilling, samt andreplass i Beste UB og tredjeplass i Beste yrkesfaglige bedrift.
Ungdomsbedrifta Rein Energi UB fekk andreplass i kategorien Beste samarbeid med næringslivet under fylkesmessa i 2017.
  
Ungdomsbedrifta This is Stranda UB fekk andreplass i kategorien Beste reklamefilm under fylkesmessa i 2017.
Ungdomsbedrifta Brød-rett-hjem vann heile fem prisar under Fylkesmessa i 2016, bl.a. den gjevaste prisen; Beste ungdomsbedrift, samt to øvrige 1. plassar for Beste forretningsplan og Beste utstilling.
 
Ungdomsbedrifta Sunn Snacks UB vann tre prisar under Fylkesmessa i 2016; 1. plass i Gastronomi og 2. plass i kategoriane Beste innovative produkt og Beste yrkesfaglige bedrift.
Ungdomsbedrifta Kafémat UB vann 1. plass i kategorien Beste yrkesfaglige bedrift under Fylkesmessa i 2016.
  
Ungdomsbedrifta Grøn Fjord UB vann 3. plass i kategorien Beste logo under fylkesmessa i 2016.
Glutenfri UB vann Nordeaprisen for Beste forretningsplan under NM for ungdomsbedrifter i 2015, og fekk i tillegg 2. plass i klassa for Gastronomi. Ungdomsbedrifta var tverrfagleg, med 4 elevar frå entreprenørskap og 4 elevar frå restaurant- og matfag.
  
Under Fylkesmønstringa for ungdomsbedrifter i mars 2015 var Stranda vgs representert med to tverrfaglege ungdomsbedrifter frå fagfelta entreprenørskap og matfag: Glutenfri UB og Laksesnacks UB (bildet). Glutenfri UB vann 5 prisar og gjekk vidare til NM.
Forretningsideen til ungdomsbedrifta Interiørdesign var å innreie skulens kantine med eigendesigna møblar. Dei teikna, utvikla, kvalitetskontrollerte og leverte møblane til skulen i mai 2014.
  
Frå ungdomsbedrifta Interiørdesign sin stand under Fylkesmønstringa i 2014.
Frå ungdomsbedrifta Designentreprenørene sin stand under NM i 2013.
  
Nettentrepreørane UB - Stand på fylkesmønstringa 2013
Frå standen til Nettentreprenørane UB som fekk 2. plass i kategorien for Beste nettsted under Fylkesmønstringa i 2013.