Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Stranda VGS > Entreprenørskap > Om entreprenørskap

Om entreprenørskap

Stranda vidaregåande skule satsar stort på entreprenørskap og tilbyr faga Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1 og Entreprenørskap og bedriftsutvikling 2 som eigne programfag. Klassene samarbeider tett med både lokalt og regionalt næringsliv og vil i tillegg til ei ny teknologisatsing også vidareføre det gode samarbeidet med Restaurant- og matfaglinja på skulen skuleåret 2017/2018.

Tre korte filmer frå Fylkesmessa for ungdomsbedrifter i Kristiansund i mars 2017. Stranda vgs vann tolv prisar og blei dermed den mestvinnande skulen i Møre og Romsdal for andre år på rad.

 

 

 

Ungdomsbedrifta ZUP UB var ein av finalistane til Gastronomiprisen under NM for ungdomsbedrifter i 2017, og blei dermed rangert blant dei seks beste bedriftene i landet innan gastronomi. 

Ungdomsbedrifta Brød-rett-hjem UB vann 3. plass for Beste forretningsplan og 3. plass i klassa for Gastronomi under NM for ungdomsbedrifter i 2016. Her frå NM-standen saman med statsminister Erna Solberg.

Ungdomsbedrifta Brød-rett-hjem UB vann heile fem prisar under Fylkesmessa for ungdomsbedrifter i 2016, inkludert førsteplassen for Beste ungdomsbedrift. Brød-rett-hjem UB blei dermed direkte kvalifisert til NM. Stranda vgs tok heile 10 prisar under messa, og blei den mestvinnande skulen i Møre og Romsdal i 2016.

Kvart år, i desember månad, arrangerer skulen lanseringsfest for ungdomsbedriftene i kantina, der foreldre, representantar frå lokalt næringsliv, fylkeskommunen, presse, samt lokale og regionale politikarar blir invitert.

Kvar bedrift stiller då med eigen stand i kantina.

Glutenfri UB vann Nordeaprisen for Beste forretningsplan under NM for ungdomsbedrifter i 2015, og fekk i tillegg 2. plass i klassa for Gastronomi. Ungdomsbedrifta var tverrfagleg, med 4 elevar frå entreprenørskap og 4 elevar frå restaurant- og matfag.

Glutenfri UB sikra seg fem prisar (2 førsteplassar, 1 andreplass og 2 tredjeplassar) på fylkesmessa for ungdomsbedrifter i Kristiansund 11. mars 2015. Bedrifta vart i tillegg plukka ut som ei av fire som representerte Møre og Romsdal i NM-finalen for ungdomsbedrifter på Lillestrøm 29.-30. april.

I 2013 vann ungdomsbedrifta Designentreprenørene 2. plass i kategorien «Beste innovative produkt» under NM for ungdomsbedrifter på Lillestrøm.