Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Stranda VGS > Entreprenørskap > Besøk av profilerte personar

Besøk av profilerte personar frå norsk nærings- og kulturliv

Som elev i Entreprenørskap og bedriftsutvikling ved Stranda vgs er du nærast garantert å få møte ei rekkje interessante og høgt profilerte personar. Her er nokre eksempel frå dei siste fire åra:

Statsminister Erna Solberg besøkte standen til Brød-rett-hjem UB under NM for ungdomsbedrifter i 2016.

 

Jon Georg Dale på Stranda vgs 2016

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale besøkte ungdomsbedriftene i november 2016.

 

Kronprinsen på yrkesmessa 2016 (460x345)

Kristine Hanssen frå Sunn Snacks UB, Katrine Mykløen Ødegård frå Brød-rett-hjem UB og Henrik Kongsli Gjerde fra Kafémat UB serverte smaksprøver til Kronprins Haakon da han besøkte yrkesmessa på Stranda i januar 2016.
 

I 2013 stod finansmannen Idar Vollvik for eit av desse besøka, då han heldt foredrag på Roaldpaviljongen på Strandafjellet (Biletet er teke av Dagens Næringsliv, fotograf: Ole Morten Melgård).
 

 
Popduoen Eva & The Heartmaker besøkte klassene i 2013.
 
Den profilerte eigedomsmeklaren Miguel Sørholt besøkte klassene i 2013.
 
  
I mars 2014 hadde klassene besøk og case med popartisten Hanne Kolstø.
 
EØS- og EU-minister Frank Bakke-Jensen var blant dei besøkande då entreprenørskapsklassene fekk besøk av fleire fylkes- og stortingspolitikarar i januar 2013.